Prioriterer rutedrifta framfor terminal

Hordaland fylkesutval tilrår fylgjande prioritering av 15 mill. kr av dei frie kollektivmidlane i riksvegbudsjettet for 2003: 6,75 mill kr til ruteproduksjon til Kokstad/Sandsli, 3,5 mill kr til utbygging av Bildøy-krysset og 4,75 mill kr til vidareføring

Fylkesutvalet vil vise til dei løfte og tilsegn som den politiske leiinga i Samferdselsdepartementet har gitt om bruk av dei frie kollektivmidlane i riksvegbudsjettet for 2003 til driftstiltak. Fylkesutvalet vil difor om naudsynt be fylkesordføraren ta initiativet til eit møte mellom samferdselsminister Torild Skogsholm og den politiske leiinga i fylkeskommunen.

Vedtaket vart gjort mot tre røyster (Frp og Pål Kårbø (Krf)).

Jan Koløy (Frp) føreslo at av den sistnemnde summen på 4,75 mill. kr til stamrutenettet i Bergen, skulle i staden 3,5 mill. kr løyvast til terminal på Frekhaug i Meland. Forslaget fekk tre røyster (Frp og Pål Kårbø (Krf)) og fall.

Kyrre Stensnes (SV) føreslo at 3.5 mill. kr skulle brukast til innføring av sambruksfelt/kollektivfelt på innfartsårene til Bergen. Forslaget fekk ei røyst (SV) og fall.

Stanley Hauge

20.03.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart