Hordaland fylkesting har vedteke at ny veg til Hanøytangen i Askøy kommune skal lysast ut på anbod slik fylkestinget vedtok i desember 2002. Fylkestinget har godkjent avtale med Askøy kommune om finansiering av byggjeprosjektet.
Etter avtalen skal Askøy kommune forskottera heile prosjektkostnadene med ny veg til Hanøytangen. Fylkeskommunen skal betala den forskotterte summen tilbake med 1 mill. kr i 2005, 9 mill.kr i 2006, 5 mill. kr kvart av åra 2007-09 og restsummen i 2010.
Fylkeskommunen skal refundera Askøy kommune rentekostnadene og eventuelt andre kostnader med lånet kvart av åra 2003 til og med 2006. For åra 2007-10 skal Askøy kommune dekka rentene på restlånet.
Det vert rekna med at kostnaden med vegprosjektet vert redusert noko ved at Askøy kommune står som låntakar av heile lånet i staden for opplegget med at entreprenøren skulle finansiera 50% av kostnaden. Innsparinga ein oppnår skal fordelast mellom fylkeskommunen og Askøy kommune.
Vedtaket vart gjort mot to røyster (RV).
Kyrre Stensnes (SV) føreslo at fylkestinget på nytt skal vurdera eit eventuelt opplegg for anbod/forskottering av ny veg til Hanøytangen i samband med sak om konsekvensar av reduserte økonomiske rammer for fylkesveginvesteringar, fylkesvegplanen 2002-2011. Forslaget fekk sju røyster (SV, RV og 1 uavh.) og fall.
Stanley Hauge