Ansvaret for rusvernet skal etter forslag frå regjeringa overførast til staten og kommunane i 2004. I denne situasjonen har fylkeskommunen vurdert det som lite føremålstenleg å utarbeida ein tradisjonell handlingsplan. Fylkestinget har vedteke at fylkeskommunen i tillegg til den reviderte planen skal utarbeida ein arbeidsplan for oppfølging av den reviderte rusvernplanen i 2003 og for deltaking i gjennomføring av rusreforma med overføring til staten og kommunane.
Fylkestinget har vedteke den nye rusvernplanen med dei mål, strategiar og tiltak som går fram av planen.
Tilbod til fleire rusmisbrukarar
Den reviderte rusvernplan legg opp til meir differensierte tenester enn i dag. Det er svært dyrt å gje behandling i døgninstitusjonar, medan behandling på regionale rusvernsenter er langt billegare og kan gje tilbod til fleire rusmisbrukarar utan at dei må flytta heimanfrå.
Krav om lokalbaserte tenester
Det har lenge vore eit krav frå kommunar i Hordaland om lokalbaserte tenester. Planen legg opp til å byggja fem regionale rusvernsenter med plassering i Bergen, Nordhordland, Sunnhordland, Midthordland og Voss-Hardanger.
Dei regionale rusvernsentra skal ikkje vera tradisjonelle medisinske poliklinikkar, men senter der mange skal samarbeida for å løyse problema. For å lukkast, må det ”dugnad” til, der det vert nært samarbeid mellom fylkeskommune, kommunane, psykisk helsevern, helseføretaka og barnevernet.
Eiga kvinneavdeling
I planen blir det foreslått å utvide tre døgninstitusjonar: Ny avdeling med 12 plassar ved Flonikollektivet, fire-fem nye plassar ved Kalfarkollektivet og eiga kvinneavdeling ved Akuttklinikken.
Stanley Hauge