Måndag 31. mars sette Hordaland fylkeskommune i verk ny administrativ organisasjonsmodell. Denne inneber ei fornying av fylkeskommunen. Den nye organisasjonsmodellen er eitt av fleire verkemiddel for å gjere fylkeskommunen til ein endå betre og meir synle
Den nye fylkesadministrasjonen inneheld tre stabseiningar, seks sektorar og åtte arbeidslag. I tillegg har fylkesrådmannen knytt informasjon og juridisk avdeling til sitt kontor.
Arbeidslaga er ei nyskaping i fylkesadministrasjonen. Desse er mindre organisatoriske einingar som er organisert rundt eit arbeidsfelt/satsingsområde i fylkeskommunen. Arbeidslaga er tillagt konkrete arbeidsfelt. Alle desse er prioriterte saksingsområde for fylkeskommunen.
Arbeidslaga er ikkje fastsett ”ein gong for alle”, men vil vere gjenstand for evaluering kvart år. Dette er naudsynt for å kunne følgje samfunnsutviklinga, og gjere rett prioritering av arbeidsinnsats og resursar.
Fylkeskommunen si rolle som samfunnsutviklar og leiar av regionalt samarbeid skal utviklast vidare. I samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar skal fylkeskommunen etablera ein kraftfull politisk arena for Hordaland, som med tyngde fremjar fylket sine samla interesser. Parallelt med dette skal fylkeskommunen framleis vere ein viktig tenesteytar i regionen innanfor viktige område som tannhelse, vidaregåande opplæring, kultur, næring og samferdsel. Målet er å gi endå betre service og tenester, og framleis ha nøgde kundar.
Hordaland fylkeskommune skal leve opp til dei forventningane som er stilt til den nye fylkeskommunen. Eit første synleg døme på det er at både den politiske og administrative organisasjonsmodellen blir endra. Den politiske styringsstrykturen blir endra når den nye fylkestingsperioden tek til hausten 2003.
Ny fylkesadministrasjon i Hordaland fylkeskommune 2003 (brosjyre i pdf-format)
Nils Marton Aadland