Nasjonal konferanse om utvikling av likeverdige tenester

Laila Dåvøy (biletet), Hege Duckert og Jorunn Gulbrandsen blir dei tre store namna på den nasjonale konferansen om korleis vi kan utvikle likeverdige tenester for kvinner og menn. Konferansen blir skipa til på Hotell Norge i Bergen 28. april 2003. Det off

Rettferdig fordeling
Barne- og familieminister Laila Dåvøy skal forklare korleis statsbudsjettet blir vurdert med omsyn til rettferdig fordeling. Kulturredaktør Hege Duckert i Dagbladet ser problemstillinga frå media sin synsstad. Jorunn Gulbrandsen, forfattar og kjent fjes frå mange fjernsynsdebattar, kjem med synspunkt ut i frå skuleperspektivet. Vi får døme på prosjekt frå ulike sektorar som tilrettelegging for næringsutvikling, idrett og planlegging.

Nyborg og Tystad
Bak invitasjonen står Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune saman med KS Hordaland.
Våre lokale politikarar, fylkesvaraordførar Torill Selsvold Nyborg og finansbyråd i Bergen, Trond Tystad vil bidra med sine tankar om korleis alle kan vidareutvikle sine ansvarsområde gjennom å ha dette tema på dagsorden.

Verktøy Deltakarane vil få presentert eit verktøy som kan brukast av dei som vil utvikla tenestene slik at dei treff både kvinner og menn. Rokkansenteret ved Universitetet i Bergen har laga ein instruktiv rettleiar som alle deltakarane vil få utdelt.

Kritisk lys på utdanningssida Målgruppe for konferansen er leiarar og medarbeidarar i tenesteproduksjonen. Universitetsdirektør Kåre Rommetveit vil setja eit kritisk lys på utdanningssida, og representantar for andre universitet og høgskular er spesielt velkomne til konferansen.

Les meir om konferansen på internettsidene til Hordaland fylkeskommune

Direkte lenkje til program og påmelding(svart-kvitt-versjon)

eller

Direkte lenkje til program og påmelding (fargeversjon)

Påmeldingsfrist er 10.april 2003

Kontaktperson i Hordaland fylkeskommune Marit Rødseth marit.rodseth@post.hfk.no

Marit Rødset 25.03.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart