Fylkesutvalet rår til at Hordaland fylkesting skal vedta å sletta lånet på 2 mill. kr som fylkeskommunen har gjeve til utbygging ved flyplassen på Stord, Sørstokkan.
Lånet vart gjeve i 2000 i samband med bygginga av nytt terminalbygg på flyplassen. Nedskrivinga vert gjort som ein lekk i arbeidet med å styrkja økonomien til Sunnhordland Lufthavn AS. Stord kommune har, i ei sak før jul, vedteke på si side å skrive bort alle lån og andre beløp som Sunnhordland Lufthavn AS skuldar Stord kommune.
Etter dette vil Sunnhordland Lufthavn AS ikkje måtte betale husleige for nedlagt kapital i terminalbygget. Ved framtidige nyinvesteringar i terminalbygget må selskapet vere budd på å betale husleige. Dette vert regulert i ein eigen avtale mellom aksjonærane i Sunnhordland Lufthavn AS.
Fylkestinget avgjer saka på møte 11.-12. mars.
Stanley Hauge