Ei flytting av ferjeleiet i sambandet Sunde-Ranavik-Leirvik frå Leirvik til Skjersholmane frå 1. mai 2003 vil vere ei dårleg løysing, særleg for dei kollektivreisande i regionen, meiner Hordaland fylkesutval.
Fylkesutvalet ber Samferdselsdepartementet om å gjere om Statens vegvesen sitt vedtak av 07.02.03, og utsette flyttinga eitt år, fram til 1. mai 2004 slik at det frå dette tidspunktet kan bli lagt opp eit betre kollektivtilbod enn det som kan gjerast no i 2003.
Fylkesutvalet er ope for at ordninga med 3 ferjer i sambandet Sunde-Ranavik-Leirvik og takstavviket med 2 soner held fram til 1. mai 2004. Alternativt at ferjeleiet i Leirvik sentrum vert ombygd slik at ein kan nytte to-ferje løysing til/frå Leirvik i staden for Skjersholmane, heiter det i vedtaket fylkesutvalet gjorde 11. mars.
Kyrre Stensnes (SV) føreslo at fylkesutvalet skulle vedta «at ferjeleiet på Stord framleis skal vere på Leirvik og ber Samferdsledepartementet om å gjere om Statens vegvesen sitt vedtak av 07.02.03.» Forslaget fall då det berre fekk SV si røyst. Stensnes støtta deretter innstillinga til fylkesrådmannen, og vedtaket vart dermed samrøystes.
Stanley Hauge