Fylkestinget vil ha regionopera for Vestlandet

Fylkestinget har vedteke at Hordaland fylkeskommune skal arbeida for ei vidare utbygging av ein profesjonell regionopera for Vestlandet. For å få til dette, går fylkestinget inn for at det vert etablert eit samarbeidsforum for dei ulike kulturinstitusjona

Samarbeidsforumet skal rapportere årleg til Komiteen for kultur og helse, Hordaland fylkeskommune, heiter det i fylkestinget sitt vedtak.

Fylkestinget vedtok også at fylkeskommunen skal oppretthalda representasjonen sin i styret for det regionale operaselskapet Vest Norges Opera, og ynskjer å tre inn med styrerepresentasjon i Stiftelsen Opera Vest.

Hordaland fylkeskommune ynskjer at Stiftelsen Vest Norges Opera og Stiftelsen Opera Vest held fram som offentleg støtta operaproduksjonsselskap.

Fylkestinget sitt vedtak vart gjort mot sju røyster (Frp).

Stanley Hauge

18.03.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart