Fylkestinget ber om auka innsats for trafikksikring

Hordaland fylkesting ber statsråd Torild Skogsholm (biletet) koma med strakstiltak som kan vera med på å nå målet om ingen drepne og skadde i trafikken. Me har ingen fleire å mista, heiter det i fråsegna som etter forslag frå Bente Bondhus (Sp) vart vedte

Fråsegna som er sendt samferdselsministeren:

"Me har ingen fleire å mista
Hordaland fylke har allereie i løpet av 2-3 månader i 2003 mista alt for mange i trafikken (9), noko me ikkje lenger kan sitja og godta.

Hordaland fylkesting vil be statsråd Torild Skogsholm umiddelbart koma med strakstiltak som kan vera med på å nå målet om ingen drepne og skadde i trafikken.

Hordaland fylke opplever at overføringane frå Staten til ulike uløyste oppgåver innan trafikktryggleik vert trongare og trongare. Oppgåvene er mange. På den landsomfattande trafikkonferansen i Bergen i fjor haust tok statsråden for seg kva regjeringa ville gjera for å redusera talet på skadde og drepne i trafikken i landet. Og målet var klart: Kombinasjon av ulike verkemiddel, haldningsskapande tiltak, fysiske ting som trafikksikker infrastruktur/ vedlikehald med nullvisjonen til grunn. Samstundes peikar statsråden på behovet for eit stramt budsjett, men at trafikkryggleik skal vera høgt prioritert.

Transportpolitiske målsetjingar om miljø, tryggleik og regional utvikling er viktige fundament i eit overordna mål om berekraftig utvikling med nullvisjonen som grunnmur. Hordaland fylkesting krev at statsråden kjem med strakstiltak for å nå målet om nullvisjonen. Me har ingen fleire å mista."

Stanley Hauge

24.03.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart