- Samanlikna med same tidspunkt for eitt år sidan har arbeidsløysa i Hordaland auka med 24 prosent. Vi må tilbake til byrjinga på 1990-talet for å finne sterkare vekst og så høge arbeidsløysetal, sa fylkesordførar Gisle Handeland under opninga av Hordalan
Alvorleg
Fylkesordføraren meiner den høge arbeidsløysa er alvorleg.
- Ved utgangen av februar i år var det registrert nær 9 300 heilt arbeidslause i Hordaland, samstundes som over 1 200 personar deltok i ordinære arbeidsmarknadstiltak. Til saman utgjer dette 4,6 prosent av arbeidsstyrken. Samanlikna med same tidspunkt for eitt år sidan har arbeidsløysa her i fylket auka med 24 prosent. Vi må tilbake til byrjinga av 1990-talet for å finne ein sterkare vekst, og så høge arbeidsløysetal som vi no ikkje har hatt sidan 1996, sa fylkesordføraren.
Auke gjennom heile 2002
Handeland peika på at arbeidsløysa auka gjennom heile fjoråret, og denne utviklinga har halde fram i år.
- Sidan nyttår har det vore ein klar auke i arbeidsløysa i industrien. Situasjonen er alvorleg og set store krav til regjering og Storting, men og til oss som regionalpolitikarar med ansvar for å gjere det beste ut av ressursar og mulegheiter i regionen. Dei «store» rammevilkåra, som kroneverdi og rentenivå, er viktige. Det er og svært viktig at dei andre rammevilkåra blir rimelege, som transportutgifter og infrastruktur, og svært aktuelt i desse dagar: at omlegginga av arbeidsgjevaravgiftssystemet skjer på ein måte som ikkje i urimeleg grad råkar næringslivet i store delar av dette fylket, sa fylkesordførar Gisle Handeland.
Fylkestinget går over to dagar på Bergen Kongress Senter.
Les heile talen til fylkesordførar Gisle Handeland

Bjarte Brask Eriksen