Fylkesmannen rosar Hordaland fylkeskommune

Fylkesmann Svein Alsaker rosar Hordaland fylkeskommune for å vere tidleg ute med å lage handlingsplan for asylsøkarar og flyktningar. Det gjorde han i talen sin under konferansen ”Vestlandet – eit fleirkulturelt samfunn”. Alsaker sa at et resultat av hand

I talen sa Alsaker at Hordaland fylkeskommune lagde handlingsplan for asylsøkarar og flyktningar i 1998 og har sidan 1999 skipa til 13 kurs etter Hordalandsmodellen.
- I år blir det skipa til seks basiskurs og to oppfølgingskurs. I tillegg blir det skipa til eigne kurs for ein del offentlege etatar som Bergen legevakt og Bergen parkeringsselskap. Behovet for vidare skulering har og resultert i studiefaget: Noreg som innvandringsland” ved Universitetet i Bergen som no tilbyr to studium, kvart på fem vekttal, sa fylkesmannen.

Alsaker meiner at det utan tvil er ei svært stor utfordring å skape eit godt og inkluderande samfunn.
- Barnehagar, skular, oppvekstmiljøet i vid forstand har naturleg nok ein stor og viktig plass i dette biletet, men det krevst heilskapstenking utover det. Arbeid, sysselsetting, fritid, kultur og butilhøve er alle viktige element. Det er eit leiaransvar i offentleg forvalting å vere engasjert i desse problemstillingane, sa fylkesmannen.

Alsaker nemnde og den fleirkulturelle sastinga i Sverige som har vore mislukka.
- Sverige har hatt status som eit fleirkulturelt fyrtårn med sin liberale flyktningepolitikk og generøse velferdsstatsordningar. Landet har i mange år lagt i toppen med mottak av innvandrarar, særleg flyktningar i høve til folketalet. Erfaringsbasen i Sverige er omfattande, og landet har lengre fartstid med integrasjonstiltak enn andre vestlege land. Når politikken i dag blir oppsummert av sjølvaste integrasjonsminister Mona Salin ”som et veritabelt mislykkande”, er det grunn til ettertanke. Det held ikkje, i følgje rapporten, å vere fødd i Sverige. Barn av innvandrarforeldre frå ikkjeeuropeiske land, har ein tendens til å hamne i same utanforskap som foreldra. Med andre ord, den språktreninga barn av innvandrarar får i skulen klarar ikkje å kompensere for den manglande integrasjon til foreldra i det svense samfunnet, mellom anna sosial kompetanse og kunnskap om korleis samfunnet fungerer, sa fylkesmann Svein Alsaker.

Les heile talen til fylkesmann Svein Alsaker

Bjarte Brask Eriksen

27.03.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart