Fylkes-ja til freding av Bergen jernbanestasjon

Fylkesutvalet i Hordaland sluttar seg til Riksantikvaren sitt framlegg til freding av Bergen Jernbanestasjon, Bergensbanen, Strømgaten 4, gnr. 166, bnr. 952, Bergen kommune, og har ingen merknader til fredingsføresegnene.

Alle bygningane som er med i fredingsframlegget, høyrer til anlegget frå 1913. Fredinga vil omfatta stasjonsbygningen sitt eksteriør og delar av interiøret (inngangsvestibylen og plattformvestibylen), toghallen sitt eksteriør og interiør, ilgodshallen sitt eksteriør, og plattformoverbygg II og III.

Fredinga skal verna eit arkitektonisk, bygningshistorisk og jernbanehistorisk verdfullt anlegg knytt til fullføringa av Bergensbanen. Ho skal sikra dei einskilde delane av anlegget og delane sin innbyrdes samanhang så vel som dei kulturhistoriske verdiane knytt til anlegget som heilskap. Fredinga skal verna bygningane både med omsyn på hovudstruktur og detaljering.

Fredinga skal motvirka endringar av dei freda bygningane og interiøra som er i strid med fredingsføremålet. Tiltak på og i dei freda bygningane som går ut over vanleg vedlikehald krev dispensasjon etter kulturminnelova §15a. I samhøve med forskrift om faglig ansvarsfordeling mv. etter kulturminneloven §12 pkt. 1, legg Riksantikvaren dispensasjonsmyndet til Hordaland fylkeskommune.

Stanley Hauge

03.03.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart