Åtte vidaregåande skular vert til fire

Åtte vidaregåande skular i Hordaland vert slegne saman til fire, vedtok fylkestinget 12. mars. Desse skulane vert slegne saman : Laksevåg gymnas og Laksevåg videregående skole, Lindås gymnas og Nordhordland vidaregåande skule, Krohnsminde videregående s

Samanslåingane vert gjort for få til nødvendige innsparing i skulesektoren, og er ei oppfølging av fylkestinget sitt vedtak i desember i fjor om årsbudsjettet for 2003. Innsparinga ved samanslåinga er for i år budsjettert til 3,2 mill. kr. Det vert vidare tilrådd å spara 1,55 mill. kr ved å nedskjering på ei rekkje postar innan skulesektoren. Samla innsparing vert 4,75 mill. kr.

Vedtaket i fylkestinget er i samsvar med tilrådinga frå arbeidsgruppa fylkestinget oppnemnde i desember 2003. Arbeidsgruppa meiner at fleire skulesamanslåingar må vurderast. Det kan vera aktuelt med samanslåingar på Stord, Voss, Arna, Os og i Bergen både i sentrum og i Åsane. Prosessen med samanslåing av skulane på lengre sikt, skal setjast i gang i vår, har fylkestinget vedteke.

Fylkestinget vedtok å oppheva fylkestingsvedtaket frå 1996 om nybygging, tilbygg og ombygging av vidaregåande skular, og starta ein ny prosess for å sjå på utbyggingsplanane på nytt.

Fylkestinget sitt vedtak er gjort med 60 mot 7 røyster (SV og RV).

Stanley Hauge

12.03.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart