Alarmerande kostnadsvekst i barnevernet

Barnevernsutgiftene i Hordaland fylkeskommune er i løpet av ein 10-års periode tredobla rekna i faste prisar, frå 147 mill i 1992 til 425 mill i 2002. Kostnadsauken har vore særleg sterk dei tre siste åra og prognosen for 2003 er alarmerande. Hordaland f

Den særleg store kostnadsauken i barnevernet er truleg eit resultat av ei uheldig utvikling i samfunnet og rammar ikkje berre Hordaland, men også andre fylke, særleg fylke med større byar, påpeikar Handeland.

Vidare i brevet til departementet heiter det: «Sjølv om veksten i barnevernsutgiftene ikkje er av ny dato, kan eg ikkje sjå at ein nokon gong har teke spesielle omsyn til desse utgiftene i statsbudsjettet. Det kan nok skuldast at ein både sentralt og i fylkeskommunen først og fremst har vore oppteken av utgiftene i helsevesenet, - som har vore eit endå større problem. Fylkeskommunane har difor vore nøydde til å finna budsjettmessig dekning innanfor sine rammer. I praksis har dette skjedd gjennom overføring frå andre delar av budsjettet og gjennom effektiviseringstiltak.»

Fylkesordførar Handeland påpeikar at for Hordaland fylkeskommune er situasjonen særleg vanskeleg ettersom vi både har store barnevernsutgifter og gamle sjukehusunderskot å slita med. Vi har heller ikkje kraftinntekter eller andre inntekter som monar og som vi kan spe på inntekta med. At fylkeskommunane samla fekk eit ekstra effektiviseringskrav på 180 mill i budsjettet for 2003 gjorde ikkje situasjonen enklare.

Utgiftene i barnevernet er i all hovudsak eit resultat av reelle behov og vert utløyst gjennom vedtak i fylkesnemndene og kommunane. For fylkeskommunane er det plikt til å gi adekvate tilbod når det er gjort vedtak så å seie uansett kva det kostar, understrekar fylkesordførar Gisle Handeland.

Stanley Hauge

08.03.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart