Problem i barnevernet
- Regnskapen for 2002 vart gjort opp med eit underskot på 42,1 mill. kr. At det vart så stort, kjem i hovudsak av to forhold; større problem i barnevernet enn rekna med og at Statens pensjonskasse kom inn under dei nye føresegnene for rekneskapsføring av pensjonskostnader.
Barnevernet kan få eit meirforbruk på 60 mill. kr
Fylkesrådmannen opplyste at barnevernet i 2002 hadde eit merforbruk i forhold til budsjettet på 25 millionar kroner.
- Dette er ein god del meir enn vi rekna med og kjem av at tal klientar har auka og at det dermed er behov for å kjøpe fleire plassar i private tiltak og også til ein høgare pris enn prognosane tilsa. Problema ser ut til å forsterke seg inn i 2003. Til møte i fylkesutvalet seinare i dag ligg det på bordet ein prognose om at meirforbruket i barnevernet i 2003 kan bli på heile 60 millionar kroner. Eg har foreslått tiltak for å bremse denne veksten. Den nærast eksplosive utviklinga finn vi att i mange fylkeskommunar, så tredobling av barnevernsutgiftene dei siste ti åra i Hordaland, i faste prisar, er ikkje eineståande.
Lyspunkt
Men fylkesrådmannen har og merka seg lyspunkt i økonomien.
- Eg er godt nøgd med at det er balanse mellom aktivitet og budsjett i skulesektoren. Det same gjeld i stor grad samferdselssektoren. Overskridinga i sistnemnde sektor i 2002 kom i stor grad av rekneskapstekniske forhold. Balanse i dei to største sektorane våre er svært viktig, med tanke på åra som kjem. Lojalitet frå dei mange tilsette i skulane er ein helt nødvendig føresetnad for viljen til å klare seg innanfor dei rammene som budsjettet set.
Svært stor utfordring i 2004
Fylkesrådmannen er uroa over 2004 der førebelse overslag tyder på at rammene må reduserast med i 50 millionar kroner samanlikna med 2003.
- Med tanke på kor vanskeleg arbeidet med 2003-budsjettet var, er det klart at vi står overfor ei svært stor utfordring. Overslaget om ein reduksjon på 50 millionar kroner er før vi tek omsyn til at vi får ein ny skule i drift og at vi får fleire elevar som skal ha skuleplass. Veksten som desse tiltaka krev, medfører tilsvarande reduksjon andre stader i budsjettet. Tilsvarande krev nye tiltak ein stad, reduksjonar på ein annan budsjettkonto. Krava til reduksjonar kan derfor bli monalege på enkelte budsjettkapittel, sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen.
Les heile talen til fylkesrådmann Paul M. Nilsen

Bjarte Brask Eriksen