
Siktemålet med konferansen er korleis bedrifter, leiarar, tillitsvalde og seniorar i samarbeid kan legge til rette for lengre yrkesløp. Konferansen blir opna av toppsjefen for Helse Bergen, Anne K. Bognes.
Kvifor løner det seg å satse på seniorar?
Av programmet kan vi nemne arbeids- og administrasjonsminister Victor D. Norman som har fått tema ”Seniorene i fremtidens arbeidsliv”. Personalsjef Olve Molvik i Sandnes kommune skal svare på kvifor det løner seg å satse på seniorar. Kjededirektør i Rimi Norge stiller spørsmålet: ”Vaksne sjefar – betre arbeidsmiljø?”, mens personalkonsulent iISS Norge, Asbjørn Aase, funderar over om gjennomsnittsalderen på 52 år er eit problem eller?
Kvar går vi?
Konferansen blir avslutta med rådgjevar Reidun Eggesbø i Trygdeetatens arbeidslivssenter i Hordaland som stiller spørsmåla: ”Kvar står vi?” og ”Kvar går vi?”
Konferansen startar kl. 10.00 og blir avslutta 15.45.
Påmelding seinast 20. mai til Reidun Eggesbø, Trygdeetatens arbeidslivssenter i Hordaland, faks: 55 96 54 54 eller til epost: reidun.eggesbo@trygdeetaten.no
Meir informasjon og påmelding(pdf-fil)
Med i arrangemenstkomiteen er mellom anna Åsbjørn Vetti i Kommunenes Sentralforbund, Hordaland og Hilde Noraas, Barne- og familievernet i Hordaland fylkeskommune.
Arrangør er LO, YS, UHO, NITO, Akademikerne, NHO, HSH, KS, NAVO, AAD, Aetat, Arbeidstilsynet og Rikstrygdeverket.
Bjarte Brask Eriksen