Sambruksfelt på nordre innfartsåre

Hordaland fylkesutval rår med ti mot fem røyster (H, Frp) til at det vert sambruksfelt på nordre innfartsåre til Bergen. Slike felt kan berre brukast av bussar, drosjar og bilar med fleire enn éin person i.

Det planlagde sambruksfeltet skal gå frå Åsane senter til Norges handelshøyskole. Fleirtalet i fylkesutvalet ønskjer forsøket med sambruksfelt velkommen og at det blir krav om at det skal vere minst tre personar i bilen.

Mindretalet røysta på eit forslag frå Tom-Christer Nilsen (H) som gjekk ut på å ikkje innføre sambruksfelt no, mellom anna fordi ny teknologi i bompengeinnkrevjinga vert teken i bruk frå årsskiftet. Dette vil effektivisere innkrevjinga og betre framkomsten.

Stanley Hauge

23.05.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart