Rette grep i utvikling av offentlege servicekontor

Torsdag 15. mai blir det eit seminar i Bergen om dei rette grepa i utvikling av offentlege servicekontor. Seminaret går av stabelen på Bergen Kongress Senter frå klokka 8.45 til 16.00 og er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hord

Seminaret har bakgrunn i fylkesplan for Hordaland 2001-2004 der det er foreslått prosjekt med føremål å leggje tilrette for brukarvenlege offentlege tenester gjennom samarbeid, offentleg servicekontor (OSK) og bruk av informasjonsteknologi.

Brei samordna offentleg innsats
Målet med servicekontor er å skape brei samordna offentleg innsats på tvers av sektorar, for å medverke til serviceutvikling og oppretthalding av offentlege funksjonar og tenester i lokalsamfunnet.

Klar, ferdig, gå
Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og KS Hordaland har inngått samarbeid om tre seminar om teamet under tittelen ”Klar, ferdig gå”. Dei to neste blir 4. september og 20. november 2003.

Servicekontor i 10 år på Askøy
Målgruppe for seminara er kommunar og statsetatar. Det første seminaret ”Klar” blir opna av bydelsdirektør Ågot Himle kl. 9.25. På programmet skal mellom anna prosjektleiar for servicekontora i Sunnhordland, Terje Olav Hermansen, gjennomgå prosessen frå ide til opning av servicekontor. Vi får høyre om 10 år med servicekontor på Askøy, og det blir innlegg om korleis statsetatar kan delta i servicekontor.

Programansvarlege er Hilde R. Indresøvde, Hordaland fylkeskommune, Astrid Toft, KS Hordaland og Ingvild Hjelmtveit, Fylkesmannen i Hordaland.

Program for seminaret (pdf)

Bjarte Brask Eriksen

14.05.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart