Regional konferanse om ny planlov

Tysdag 17. juni blir det skipa til regional konferanse i Bergen om den nye planlova. Konferansen er for politikarar og tilsette som arbeider med planspørsmål i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.

Konferansen blir på Bergen Kongress senter tysdag 17. juni klokka 09.55 – 17.00. KS og Forum for kommunale planleggere (FKP) er arrangørar.

Innsikt
Føremålet med konferansen er å gje fylkeskommunar, kommunar og statlege regionale etatar, førstehands innsikt i planlovutvalet si innstilling. Konferansen vil og vere eit godt grunnlag for uttalen som kommunane skal gje til ny planlov.

Før 17. mai kjem planlovutvalet med innstilling til ny planlov (siste oppdatering). Planlovutvalet har arbeidd med ny planlov sidan hausten 1998. Utvalet la fram første delutgreiing i februar 2001.

Meir oversiktleg
Utvalet ønskjer ein meir oversiktleg og føresigeleg handsaming av planar. Målet er å vitalisere prosessar og auke medverknaden i planarbeidet. Berekraftig utvikling er med i føremålsparagrafen til planen. Ved starten av ny valperiode skal kommunestyra og fylkestinget setje opp planstatus. Dette skal vere like viktig som budsjettet. Målet er eit planhierarki som er langt meir fleksibelt enn i dag. Interkommunale planar, regionale planar og fylkesdelplanen kan til dømes bli nye, viktige grep. Det ligg og forslag om ein aktiv fylkeskommune i utvalet si innstilling.

Program og påmelding

02.05.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart