Planlegg ny hurtigferje Bergen-Stavanger

Komité for miljø og samferdsel rår til at Mols-Linien AS får løyve til å drive ferje mellom Bergen og Stavanger. Det er lagt opp til å bruke hurtigferje som gjer 45 knop og har ei reisetid på tre timar. Ferja skal ha plass til 450 passasjerar og 120 bilar

Eit anna selskap, G. C. Brørvig & Partners AS, har alt fått konsesjon for ferje på same strekninga, og Bente Bondhus, SP, fremja forslag om at Mols-Linien AS berre får konsesjon om det andre selskapet ikkje har starta ruta innan ein gitt frist. Dette fekk berre tre røyster, SV, RV og hennar eiga røyst, og fall.

Komiteen går inn for å pålegge selskapet å greie ut bruk av naturgass i ferjedrifta og at det blir sett som eit løyvevilkår at ei eiga ferje for vogntog blir sett i drift innan eitt år etter at hurtigferja er komen i gang.

Saka går vidare til fylkesutvalet 22. mai. Endeleg avgjerd skjer i samferdselsdepartementet etter at saka har vore på høyring.

Bjarte Brask Eriksen

21.05.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart