Ny tannhelseplan for Hordaland – færre distrikt og klinikkar

Talet på tannklinikkar innan den offentlege tannhelsetenesta i Hordaland vil verta redusert frå dagens 78 til ned mot 50, går det fram av planutkastet som no vert sendt ut på høyring. Planen, som også legg opp til å redusera talet på tannlegedistrikt frå

Planen legg også opp til at det skal kjøpast inn mobilt tannlegeutstyr som skal brukast på institusjonar og skular som vert liggjandes langt frå ein tannklinikk. Dei enkelte tannlegedistrikta skal frå 1. janaur 2004 verta sjølvstendige resultateiningar.

Planutkastet vert no sendt på høyring til kommunar og andre. Fylkesutvalet ber kommunane særleg vurdera konsekvensane av den store reduksjonen i talet på klinikkar og innføring av mobile einingar som erstatning for desse.

I planen er det sett som mål at minst 60 % av femåringane skal ha tenner utan hol eller fylling. Dette målet meiner fylkesutvalet er sett for lågt.

Stanley Hauge

04.05.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart