Ni mot seks for sambruksfelt på nordre innfartsåre

Med ni mot seks røyster går komité for miljø og samferdsel inn for at det blir sambruksfelt på nordre innfartsåre til Bergen. Slike feltet kan berre brukast av bussar, drosjer og bilar med fleire enn éin person i.

Det planlagde sambruksfeltet skal gå frå Åsane senter til Norges handelshøyskole. Fleirtalet i komiteen (A, Sp, KrF, SV og RV) ønskjer forsøket med sambruksfelt velkommen og at det blir krav om at det skal vere minst tre personar i bilen. Forslaget vart fremja av Hilde Kalleklev (RV).

Mindretalet røysta på eit forslag frå Stein Inge Ryssdal (H) som gjekk ut på å ikkje innføre sambruksfelt no, mellom anna fordi ny teknologi i bompengeinnkrevjinga blir teken i bruk frå årsskiftet. Dette vil effektivisere innkrevjinga og betre framkomsten.

Saka går vidare til fylkesutvalet 22. mai.

Bjarte Brask Eriksen

20.05.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart