Nei til ny hurtigferje Bergen-Stavanger

Fylkesutvalet i Hordaland tilrår ikkje at Mols-Linien AS får løyve til å driva ferje mellom Bergen og Stavanger. Eit fellesforslag frå Ap, KrF, Sp og V sett fram av Torill Selsvold Nyborg (KrF) vart vedteke med ti (Ap, KrF, Sp, V) mot fem røyster (H, Frp)

Høgre støtta forslag frå Tom Christer Nilsen om at Mols-Linien skal få konsesjon dersom ikkje G. C. Brøvig & Partners AS klarar å starta ruta dei har fått konsesjon på innan fristen, hausten 2003. Fremskrittspartiet rår til å gje konsesjon no til Mols-Linien.

Nilsen hadde i eit eige punkt i forslaget sitt, føreslege at dersom parallelle konsesjonar vert innvilga, så føreset ein at konsesjonærane får operera på like vilkår m.a. med omsyn til skatt. (Dette punktet fekk fem røyster (H, Frp).)

Mols-Linien har søkt om og lagt opp til å bruka hurtigferje som gjer 45 knop og har ei reisetid på tre timar. Ferja skal ha plass til 450 passasjerar og 120 bilar.

Endeleg avgjerd skjer i samferdselsdepartementet etter at saka har vore på høyring.

Stanley Hauge

23.05.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart