Mindre pengar til fylkesvegar, men Jondalstunnel skal byggast som planlagt

Hordaland fylkeskommune skal bruke 10 millionar kroner mindre til fylkesvegar kvart år framover enn tidlegare planlagt. Komité for miljø og samferdsel tilrår ein del tiltak for å gjennomføre innsparinga, men står fast på at Jondalstunnel skal gå som planl

Det var fylkestinget i desember 2002 som sette den årlege investeringsramma til fylkesvegar for 2003 til 2006 til 40 millionar kroner årleg. Dette er 10 millionar kroner mindre pr. år enn då fylkesvegplanen for 2002 til 2011 vart vedteken. Ei ad-hoc-gruppe vart sett ned for å sjå på mogelege innsparingar på fylkesvegbudsjettet.

Komiteen sluttar seg til ad-hoc utvalets vurderingar og konklusjonar om prioriteringar i fylkesvegplanen.

Dette går ut på at det akutte behovet for utbetring og sikring av dei største hengebruene på fylkesvegnettet i samsvar med utbetringsprogrammet som er presentert av Statens vegvesen, skal gå som planlagt. Utbetring av fylkesveganlegget Gamle Nygårdsbru i Bergen vert løyst ved finansiering gjennom Bergensprogrammet. Nødvendig vedlikehald og utbetring av dei andre bruene vert nærare vurdert i samband med handsaming av fylkesvegplanen 2006-2015.

Komiteen understrekar at fylkesvegsambandet Jondalstunnelen framleis har øvste prioritet av fylkesveganlegga. Komiteen går inn for at det vert sett av 30 mill.kr i 2005 til Jondalstunnlen og vidare med 10 mill.kr årleg fram til og med 2011. Den fylkeskommunale restløyvinga på 11,5 mill.kr vert utsett til etter 2011. Midlar til tiltak innanfor sekkepostane (gang- og sykkelvegar, trafikksikring m.v. vert i heile perioden 2002-2011 redusert med 18 mill. kr. i høve til fylkesrådmannens si innstilling.

Komiteen går inn for at forskotteringa til utbetring av Fv17 Kvernavik-Grønhaug, Bømlo kommune, vert refundert med 4,5 mill.kr i 2006. Med unntak av refusjonane til Bergen kommune, tilsvarande 25 mill. kr, går fylkestinget inn for å utsette alle andre refusjonar av forskotteringar, der det tidlegare ikkje er fastsett refusjonstidspunkt, til etter 2011.

Komiteen vil i samband med dei akutte vedlikehaldstiltaka på dei store bruene og andre naudsynte vedlikehalsoppgåver på fylkesvegnettet, understreka behovet for å få oversikt over ulike tiltak på drifts- og vedlikehalsbudsjettet, slik at det kan leggjast opp til ei politisk prioritering av dei ulike drifts- og vedlikehaldstiltaka.
Komiteen legg difor til grunn at fylkesrådmannen legg fram ei sak som synleggjer ulike strategiar for vidare prioriteringar av drifts- og vedlikehaldstiltak på fylkesvegnettet. Ein føreset at ei slik sak vert å handsama av det noverande fylkesting sitt møte i oktober 2003.

Komiteen understrekar at Bergensprogrammet som eit partnarskap mellom Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen står for monaleg satsing på kollektivtransport, samt opprusting, sikring og auka kapasitet på vegnettet i Bergen. I høve til at Stortinget nyleg har handsama bompengesøknaden, vil fylkestinget sette av 125 mill.kr innanfor fylkesvegplanen 2002-2011 til tiltak innanfor Bergensprogrammet. Dette inkluderar også refusjon til Bergen kommune av tidlegare forskotterte midlar, tilsvarande 25 mill. kr. i perioden 2002-2011.

Saka går vidare til fylkesutvalet 22. mai og fylkestinget 11. juni.

Bjarte Brask Eriksen

17.05.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart