Hordaland protesterer mot flytting av oljeverndepot frå Fedje

Eg vil på det sterkaste protestera mot den nedbygginga av oljevernberedskapen som Fiskeriministeren sitt vedtak om å flytta oljeverndepotet frå Fedje, vil føra til. Oljevernberedskapen i det området i Noreg som har den klårt største trafikken av oljetanka

Folkemøte
Fylkesordføraren viser i brevet til at miljøvernminister Børge Brende som fram til årsskiftet hadde ansvaret for oljevernberedskapen, på folkemøte i Nordhordland i mars i fjor lova at lageret med oljevernutstyr på Fedje ikkje skulle leggjast ned.

Opprørt
Eg er opprørt over at Fiskeriministeren, som overtok ansvaret for oljevernberedskapen frå 1. januar 2003, gjer vedtak om flytting av depotet frå Fedje utan ny dialog med dei lokale og regionale instansar som i fjor fekk lovnad frå Miljøvernministeren og har stolt på den, seier fylkesordførar Handeland.

Urovekkjande
I brevet skriv fylkesordføraren mellom anna: ”Det er svært urovekkjande at SFT, Kystverket og Fiskeridepartementet meiner det er tilrådeleg med ei nedbygging av beredskapen i nærområdet til Mongstad, fordi det er trong for å frigjere økonomiske midlar til å styrkje beredskapen lenger nord på Vestlandskysten. Mange aktørar her i vest har lenge etterlyst ei auka satsing og styrking av oljeberedskapen langs heile kysten, og ikkje ei lapping av ein beredskap som i utgangspunktet er på eit for lågt nivå ut frå dei viktige ressursane og verdiane som vi lever av og må ta vare på i desse områda.”

Nest størst i Nord-Europa
Mongstad er den nest største oljehamna i Nord-Europa, med farty opp mot 400 000 tonn. Til samanlikning kan nemnast at utsleppet frå tankskipet Exxon Valdes i Alaska i 1989 var på om lag 40.000 tonn.

Stanley Hauge

01.05.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart