Gledeleg og konstruktivt at Vestlandsrådet får ansvar for samferdselsoppgåver

Det er gledeleg og konstruktivt at Kommunal- og regionaldepartementet ved statsråd Erna Solberg gjev Vestlandsrådet ansvaret for ei rekkje oppgåver som hittil har vore statlege innan samferdselsfeltet, seier fylkesvaraordførar Torill Selsvold Nyborg i Hor

Selsvold Nyborg seier dette i ein kommentar til regjeringa si godkjenning av at Vestlandsrådet (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommuner) får overta flere samferdselsoppgaver fra staten. Forsøket startar i 2004, og vil gå over cd fire år.

Overføringa av dei transport- og samferdselsoppgåvene som forsøket skal omfatta, vil gjera det mogleg å utvikla ein felles overordna transportpolitikk på tvers av fylkesgrensene. Samstundes vert det lagt til rette for å utvikla eit heilskapleg og effektivt partnarskap mellom det regionalpolitiske nivået og dei sentrale samferdselsinstansane, seier Selsvold Nyborg.

Fylkesvaraordførar Selsvold Nyborg seier også at i den fasen det nyskipa Vestlandsrådet er i, vil desse samferdselsoppgåvene vera ein viktig stimulans i oppbygging av og utviklinga av rådet. Og det vil styrkja Vestlandsrådet si rolle som regional utviklingsaktør.

Samferdselsoppgaver overføres til Vestlandsrådet

Stanley Hauge

14.05.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart