Tilrådinga frå fylkesutvalet er lik innstillinga frå ad hoc utvalet som har vurdert saka og komiteen for miljø og samferdsel.
Fylkestinget i desember 2002 sette den årlege investeringsramma til fylkesvegar for 2003 til 2006 til 40 millionar kroner årleg. Dette er 10 millionar kroner mindre pr. år enn då fylkesvegplanen for 2002 til 2011 vart vedteken. Ei ad-hoc-gruppe vart sett ned for å sjå på mogelege innsparingar på fylkesvegbudsjettet.
Dette går ut på at det akutte behovet for utbetring og sikring av dei største hengebruene på fylkesvegnettet i samsvar med utbetringsprogrammet som er presentert av Statens vegvesen, skal gå som planlagt. Utbetring av fylkesveganlegget Gamle Nygårdsbru i Bergen vert løyst ved finansiering gjennom Bergensprogrammet. Nødvendig vedlikehald og utbetring av dei andre bruene vert nærare vurdert i samband med handsaming av fylkesvegplanen 2006-2015.
Jondalstunnelen
Fylkesutvalet strekar under at fylkesvegsambandet Jondalstunnelen framleis har øvste prioritet av fylkesveganlegga. Komiteen går inn for at det vert sett av 30 mill.kr i 2005 til Jondalstunnelen og vidare 10 mill.kr årleg fram til og med 2011. Den fylkeskommunale restløyvinga på 11,5 mill.kr vert utsett til etter 2011.
Midlar til tiltak innanfor sekkepostane (gang- og sykkelvegar, trafikksikring m.m.) vert i heile perioden 2002-2011 redusert med 18 mill. kr. i høve til fylkesrådmannens si innstilling.
Refusjonar
Fylkesutvalet går inn for at forskotteringa til utbetring av Fv17 Kvernavik-Grønhaug, Bømlo kommune, vert refundert med 4,5 mill. kr i 2006. Med unntak av refusjonane til Bergen kommune, tilsvarande 25 mill. kr, går fylkestinget inn for å utsetja alle andre refusjonar av forskotteringar, der det tidlegare ikkje er fastsett refusjonstidspunkt, til etter 2011.
Med 25 mill. kr til Bergen og 43,5 mill. kr til andre kommunar, utgjer dei bundne refusjonane i alt 68,5 mill. kr. Kommunar utanom Bergen som skal få refusjon er Askøy (32 mill. kr), (Bømlo 4,5 mill. kr), Vaksdal (3 mill. kr), Austevoll (2 mill. kr) og Stord (2 mill. kr).
Av dei godkjende forskotteringa på 207,4 mill. kr ved utgangen av 2002, vil det etter 2011 stå att 105,9 mill. kr som skal tilbakebetalast. 70 mill. kr av denne summen gjeld Sædalsvegen i Bergen og 17,7 mill. kr vegen til Store-Kalsøy i Austevoll.
Bruvedlikehald
I samband med dei akutte vedlikehaldstiltaka på dei store bruene og andre naudsynte vedlikehaldsoppgåver på fylkesvegnettet, understrekar fylkesutvalet behovet for å få oversikt over ulike tiltak på drifts- og vedlikehalsbudsjettet, slik at det kan leggjast opp til ei politisk prioritering av dei ulike drifts- og vedlikehaldstiltaka.
Fylkesrådmannen skal leggja fram ei sak med ulike strategiar for vidare prioriteringar av drifts- og vedlikehaldstiltak på fylkesvegnettet. Fylkesutvalet vil at ei slik sak verta handsama av det noverande fylkesting sitt møte i oktober 2003.
Bergensprogrammet
Fylkesutvalet understrekar at Bergensprogrammet som eit partnarskap mellom Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen står for monaleg satsing på kollektivtransport, samt opprusting, sikring og auka kapasitet på vegnettet i Bergen. I høve til at Stortinget nyleg har handsama bompengesøknaden, rår fylkesutvalet til å setja av 125 mill.kr innanfor fylkesvegplanen 2002-2011 til tiltak innanfor Bergensprogrammet. Dette inkluderer også refusjon til Bergen kommune av tidlegare forskotterte midlar, tilsvarande 25 mill. kr. i perioden 2002-2011.
Saka går vidare til fylkestinget 11. juni.
Stanley Hauge