
På biletet Jorunn Rage, 2. klasse, som har laga eit ekspresjonistisk bilete av kjenselene hennar for Danmarksplass. Her ser vi motorvegen, trafikken, skilje og eksosen over.
Studiekompetanse
Estetisk-allmennfagleg linje er ei kunstlinje med allmennfag som gjev studiekompetanse.
- Det er svært kjekt å gå her. Vi lærer å vere kreative, vi får til meir samarbeid, og vi er ein mindre klasse enn på vanleg allmennfag, seier fire av elevane som er russ i år, Stine Fyrde Nilsen, Ingrid Kristoffersen, Kristine Alver og Anne Camilla Giæver-Enger.
Lærar på annan måte
Etter å ha gått tre år på linja har elevane erfart at dei lærer på ein annan måte.
- Lærarane filosoferer, tenker og brukar hovudet annleis enn vi har vore vane med. Vi lærer på ein annan måte og må prøve oss fram. Til mange av oppgåvene vi må løyse, finst det ikkje fasitsvar. Lærarane rettleiar oss, og vi må tenke gjennom det vi gjer.
Ei av oppgåvene som både elevane og lærarane er svært stolte over, er skålene som elevane laga av kubbar. Oppgåva var å finne skåla i kubben.
- Vi fekk frie tøyler, skulle vere kreative og lage ei skål, seier dei fire elevane i 3. klasse.
Desse skålene og mange andre elevarbeid er utstilt på skulen.
Vekselverknad
På estetisk-allmennfagleg linje går teori og praktisk arbeid saman. Teoretiske tilnærmingar blir brukt som bakgrunn for å lage kunstverk.
- Det pedagogisk viktige med linja er vekselverknaden mellom estetiske og allmenne fag. Vi kombinerer allmenne fag og kunst. Dette dannar heile mennesket slik at det får eit godt syn på seg og verda. Det skjer noko med eleven, og eleven får ei anna oppleving av heile tilværet, seier avdelingsleiar Anne Helene Skogland.
- Vanleg allmennfag er ikkje allmenndannande fordi det manglar estetikk, legg lærar Steinar Lilletvedt til.
- Elevane lærar å arbeide tverrfagleg og får idear frå fleire hald. Prosjekt heng saman, lærarar og fag arbeider saman. Dette er ikkje berre ein prosess for eleven, men og for lærarane. Vi set kreativitet ganske høgt, seier lærarane Lilletvedt, Jenny Helland, Sigurd Nundal og Elin Steffner.
Kreativitet
Denne vekselverknaden og kreativiteten kjem tydeleg til syne i utstillinga ”De 7 dødssyndene” som for tida er utstilt i Fylkeshuset i Bergen. Her er det vekselverknad mellom religion og estetiske fag der elevane som var russ i fjor, var kreative og forma treskulpturar med middelalderuttrykk basert på dei sju dødssyndene. Dei 24 skulpturane er utstilt i vindauga mot gata i Fylkeshuset fram til ca 1. juli. Tidlegare har utstillinga vore i fleire kyrkjer i Bergen, kulturhuset i Helsingborg, Sverige og i Læringssenteret i Oslo. Frå Fylkeshuset går utstillinga vidare til Sælen kirke.
Vil bli arkitekt
Kine Fagerheim er elev i 1. klasse og har planane klare for framtida.
- Eg ville gå på denne linja fordi det er ei kunstlinje som og gjev studiekompetanse. Planen er å studere vidare og bli arkitekt.
Elevar som gjekk ut i fjor har gått vidare på mellom anna psykologi, barnevern, utanlandsk designskule, sjukepleie, fotoskule og nokre på kunstskule.
- Linja skal ikkje vere ein forskule til kunstskule, men kan vere det, understrekar rektor Johannes Bolstad.
Lang kamp
Det har vore ein lang kamp for Krohnsminde å få gjennomslag for linja. I reform-94 var det ikkje rom for dette forsøket, men i 1999 kom det ein forsøksparagraf i lovverket, og dåverande fagstatsråd Jon Lilletun godkjente søknaden. Forsøket så langt har vore vellukka, og andre vidaregåande skular i landet har vist interesse for linja. Til sommaren 2004 er det femårige forsøket slutt.
- Vi reknar med å få permanent godkjenning, seier rektor Bolstad.
Sjå bileta av dei flotte elevarbeida
Bjarte Brask Eriksen