Ønskjer ikkje spreidd utbygging i friluftsområde i Sund

Komite for miljø og samferdsel ønskjer ikkje spreidd utbygging i landbruks-, natur- og friluftsområde i Sund kommune. I samband med framlegget til kommuneplan fremjar komiteen motsegn.

I hovudsak konkluderer komiteen med at det er samsvar mellom gjeldande fylkesplan og framlegget til kommuneplan i Sund. Men komiteen går inn for at kommunen heller satsar på fortetting ved kommunesenteret og ei sterkare konsentrasjon kring lokalsenter i skulekrinsane, i staden for spreidd utbygging.

Komiteen ser svært positivt på at det er fastsett grense for funksjonell strandsone for heile kommunen, men rår i frå nye akvakulturområde i friluftsområde/båtutfartsområde i Raunefjorden for å unngå konfliktar mellom akvakultur og viktige regionale friluftsinteresser.

Saka går vidare til fylkesutvalet 26. juni.

Bjarte Brask Eriksen

10.06.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart