På biletet fylkesrådmann i Nord-Trøndelag, Audun Østerås, omkransa av to sentrale personar i planlegginga og gjennomføringa av konferansen, Marit Rødseth (t.v.) og Torild Hage, begge frå Arbeidslaget Kommunesamarbeid.
Konferansen samla over 100 personar frå stat, fylke og kommunane i Hordaland.
- No skal det planleggast meir enn det er behov for i augneblinken. Vi skal ikkje starte på nytt kvar gong vi skal gjere noko. Vi har svært lett for å starte på nytt, akkurat som om vi ikkje har hatt planar før. No kan vi få til meir pliktande planlegging over kommunegrensene, sa Østerås.
Meir brukarvenleg
Fylkesrådmannen peika på at forslaget til ny planlov er meir systematisk, sjølvforklarande og brukarvenleg enn før. Den nye lova skal gjelde for framtida, for 20-30 år. Statlege verkemiddel blir utvida, og regional og kommunal planlegging skal bli meir fleksibel og målretta. Planprosessane skal bli grundigare, og vi skal ha utstrakt bruk av ny teknologi.
To prinsipp
To prinsipp ligg til grunn for den nye lova: Planlegginga skal skje nært, i kommunane, og det skal vere dialog mellom sektorar og nivå. Den nye lova skal kunne brukast av alle: Stat, fylke, kommune. Alle skal finne løysinga i lova, men vi skal ikkje setje i gang planprosessar som aktørar ikkje vil, og vi skal få tidlegare avklaringar enn før.
Fire hovudgrep
Forslaget til ny planlov inneheld fire hovudgrep.
Det er plikt til å utarbeide planstrategi det første året, men deretter kan kommunane gjere som dei vil.
Det skal setjast inn større innsats tidleg i planprosessen.
Planane skal ha handlingsprogram som så vidt mogeleg skal vere pliktande.
Arealplanane skal få fleire verkemiddel som gjer det mogeleg å ivareta fleire omsyn.
Kan klage
Det skal framleis vere høve til å klage, men berre ein gong. Når ei klage er avvist, er det ikkje høve til å klage på nytt.

Bjarte Brask Eriksen