Hordaland fylkesutval har fastsett namn på dei vidaregåande skulane som er skipa ved samanslåing av skular. Skulane får namna Laksevåg videregående skole, Knarvik vidaregåande skule og Årstad videregående skole (biletet).

Skulen som er slegen saman av Laksevåg gymnas og Laksevåg videregående skole skal heite Laksevåg videregående skole.
Knarvik vidaregåande skule vert namnet på skulen som er samanslegen av Nordhordland vidaregåande skule og Lindås gymnas.
Skulen som er slegen saman av Bergen yrkesskole og Krohnsminde videregående skole skal heite Årstad videregående skole.
Den nye vidaregåande skulen i Sund vert ein del av Sotra vidaregåande skule, og får namnet Sotra vidaregåande skule avd. Sund. Den noverande skulen på Bildøy vert hovudsete med namnet Sotra vidaregåande skule avd. Bildøy.
Stanley Hauge