På biletet vinnarar av miljøprisen 2002. Frå venstre Dale Jakt- og Fiskarlag ved leiar Inge Sandven og nestleiar Ola H. Dale, og Nesttunvassdragets venner ved leiar Atle Grimstad og styremedlem Morten Sagen. I midten leiar i komiteen for miljø og samferdsel, Bente Bondhus, som delte ut prisen.
Kjærleik til vatnet
”Nesttunvassdragets venner” får prisen for med kjærleik til vatnet og lokalhistoria, motiverer og inspirer til dugnad og samarbeid slik at vassdraget kan bli ein plass for rekreasjon, aktivitet og kunnskap, og ein verdsett del av Nesttunområdet sin identitet.
Prisen vart delt ut av leiaren i komiteen for miljø og samferdsel, Bente Bondhus, under Hordaland fylkesting sitt møte på Lofthus torsdag 12. juni.
12. gongen
Det er 12. gongen Hordaland fylkeskommune sin miljøpris vert delt ut. Prisen som i år er på kr 35 000 vert delt av dei to vinnarane med kr 17 500 kvar.
Internasjonalt år for ferskvatn
FN har erklært år 2003 som ”Det internasjonale året for ferskvatn”. Også i Hordaland er vassmiljøet utsett for ein rekkje trugslar. Med miljøprisen for 2002 vil Hordaland fylkeskommune heidra lokale eldsjeler og initiativ som har arbeidd for å halde liv i vassdrag som har måtte tole større og mindre inngrep og utslepp som følgje av det moderne samfunnet sin trong for vatn, kraft og areal til vegar og anna utbygging.
Opplæring og kultivering
Sidan 1947 har Dale Jakt og Fiskarlag drive aktiv opplæring i jakt og fiske og kultivering av Daleelva i Vaksdal som lakse- og sjøaureelv. På dugnad har dei byd opp eit eige klekkeri på Dale, og har kontakt med forskingsmiljø med utviklingsprosjekt innan kultivering. Laget har fungert som ein vaktbikkje for å passe på elva i tider då elva gjekk både gul og raud som fylgje av utsleppa frå Dale fabrikkar. Dei har også hatt ein aktiv rolle mot kraftregulanten BKK for å få utført tiltak og betre tilhøva for fisken. Dale Jakt og Fiskarlag syner at det er mogeleg å samarbeide med både kraftutbyggjar og industriverksemd og få dei til å iverksettje tiltak som kan bøte på dei inngrepa som elles ville medført at fisken i elva forsvann. Laget har synt ei framifrå vilje til å stå på for elva, og har mykje av æra for at Daleelva i dag er ei av Hordaland sine beste sjøaure og lakseelver trass sterk regulering av vatnet.
Perle i nærmiljøet
”Nesttunvassdragets venner” er ei foreining skipa i november 1999, og som på kort tid har klart å gjere mykje for å få lokalsamfunnet til å sjå kva perle dei eigentleg har i nærmiljøet. Vassdraget har ein interessant historie som kraftkjelde til industrien som vart bygd på Nesttun på slutten av 1800-talet, og langs elva er det mange kulturminne. Elva er ei viktig, men lite nytta ressurs i nærmiljøet i dag, og foreininga sitt mål er å ta vare på miljø- natur- og kulturhistoriske verdiar i vassdraget og tilretteleggje for at ålmenta kan nytte elv og elvebredd til rekreasjon og opplevingar. Gjennomførte tiltak spenner frå ryddedugnader til historisk dokumentasjon av kulturminne i digitalt kart og utarbeiding av idéskisser for fysiske tiltak i vassdraget. Dei har engasjert seg sterkt i ulike utbyggingstiltak og planprosessar for Nesttunområdet, som t.d. veganlegget Midttun-Hop. Nesttunvassdragets venner arbeider for ei brei deltaking og kunnskapsformidling, og har samarbeid med lokalt næringsliv, Statens Vegvesen, skuler og barnehagar. ”Nesttunvassdragets venner” har teke på seg ei stor oppgåve, men med dei resultata som alt er oppnådd er det von om at dette forsømte vassdraget framover stadig vil få fleire vener som både vil arbeide for, ha omsut for, bruke og glede seg over det rennande vatnet.
Sjå biletet i stort format

Stanley Hauge