Hordaland fylkesutval har vedteke at trebåtbyggjarlinja ved Norheimsund vidaregåande skule avdeling Jondal, vert lagt ned hausten 2003. Vedtaket vart gjort med 14 mot ei røyst (SV).
Fylkesutvalet meiner at å sikra denne kulturhistorisk viktige lina er ei nasjonal oppgåve og det må arbeidast for å finna finansieringsordningar som gjenspeglar dette. Fylkeskommunen vil snarleg søkja slikt samarbeid. Mogelege samarbeidspartar kan vera:
Kulturdepartementet (små/verneverdige fag)
Utdanningsdepartementet (landsliner)
Nordisk Råd (einaste lina i Norden)
Aetat (vaksne/attføring)
Jondal kommune (med omsyn til areal/lokale)
Andre fylkeskommunar
Dette punktet vart samrøystes vedteke.
Leigeavtalen med Jondal kommune skal reforhandlast og byggjearbeida på nybygg vert utsett inntil vidare. Dette punktet vart vedteke med ni (5 Ap, 1 Krf, 1 SP, 1 V, 1 SV) mot seks røyster (3 H, 2 Frp, 1 Krf). Mindretalet på seks ville at fylkesutvalet skulle vedta at Jondal kommune vert informert om at fylkeskommunen ikkje kan stå ved leigeavtalen og at fylkeskommunen vil erstatta utgifter som kommunen alt har hatt med saka.
Stanley Hauge