I 25 år har rektor ved Askøy videregående skole, John Ivar Solvik, skrive lærebøker. Nyleg fekk Solvik og medforfattarane hans av læreboksamlinga ”Tall i arbeid” William Nygards legat for 2003.
John Ivar Solvik var mellom heidersgjestane då forlagsbransjen inviterte til hageselskap på Oslo beste vestkant fredag 13. juni. Dette var dagen då Solvik som ein av seks forfattarar av læreboksamlinga ”Tall i arbeid” mottok den prestisjetunge prisen William Nygaards legat for 2003, som blir delt ut til skulebokforfattarar. Prisen består av ein miniskulptur signert Skule Vaksvik, og ein sjekk på 10.000 kroner til kvar av forfattarane.
- Hobby for meg
Solvik har skrive lærebøker i mange år. For han har det nærast blitt ein hobby.
- Det er 25 år sidan eg første gongen var på marknaden med ei oppgåvesamling i fysikk. Sidan den tid har det blitt mange bøker. Faktisk er eg ikkje heilt siker på kor mange. Det var svært hyggjeleg å få denne annerkjenninga for det arbeidet eg har lagt ned på fritida mi, seier han.
Vil gjere realfaget tilgjengeleg for alle
John Ivar Solvik har alltid hatt ekstra interesse for å gjera realfaget tilgjengeleg for elevar innan yrkesfagleg studieretning.
- Ein viktig suksessfaktor er å skapa verkstadsituasjonar som ein kan bruka matematisk. Lærebøkene må fokusera på eleven sine eigne interesser og føresetnader. Eg er svært opptatt av yrkesretting av faga, seier lærebokforfattaren.
Han har ingen konkrete planar om fleire bøker med det første, men han har merka seg at Kvalitetsutvalet nettopp legg vekt på dei suksessfaktorane Solvik har arbeidd etter. Difor kan det bli aktuelt med fleire lærebøker i matematikk i samband med ein eventuell ny læreplan som byggjer på innstillinga frå Kvalitetsutvalet.
Solvik fortel at fleire av oppgåvesamlingane no også skal gjerast tilgjengelege på web.
Samling på 12 bøker
”Tall i arbeid” er ei samling på tolv lærebøker. Ti av bøkene er tilpassa den einskilde studieretning.
- Saman med to andre forfattarar starta vi arbeida med desse bøkene for Universitetsforlaget. Det gjekk seinare inn, og vi blei då ein del av Aschehoug. I 1999/2000 blei vi slått saman med ei anna forfattargruppe. Det er denne gruppa på seks personar som står bak den komplette seiren med matematikkbøker for yrkesfag i den vidaregåande skulen.

Nils Marton Aadland