Laurdag 21. juni blir den årlege Kollektivtrafikkens dag skipa til på Torgallmenningen i Bergen. Som vanleg blir det eit breitt tilbod av gratisaktivitetar, rabattar, konkurransar, stands, med meir. Og sentrum blir bilfritt.

Dette er noko av aktivitetane:
· bodar med massevis av konkurransar og gratismateriell
· utstilling av mellom ana dei nye trolleybussane, nytt skreddarsydd opplegg for ruteopplysning m.m.
· barnebuss med utdeling av populære smågåver, samt ansiktsmåling
· gratis bysightseeing med guideansiktsmåling
· gratis båttur på Byfjorden
· gratis veteranbusstur til Bergen Tekniske Museum, der det blir gratis omvisning
· halv pris mellom kl 09.00 og 17.00 på alle bussar, lokaltog frå/til Arna, hurtigbåtar (heile dagen) og enkelte togruter mellom Voss og Bergen
· møt brannspelarar og delta i triksekonkurranse med dei
· veterantrolleybuss på linje 2
· …og enda litt til
Meir om Kollektivtrafikkens dag