Imponerande satsing på lærlingar og fagopplæring

Stord kommune har, som einaste kommune i landet, fått status som demonstrasjonsbedrift for 2003 – 2005. Det er kommunen si mangeårige og systematiske satsing på lærlingar og fagopplæring som har ført til utmerkinga. Fungerande opplæringsdirektør Svein-Eri

Fungerande opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld (t.h.) er imponert over Stord kommune si satsing på lærlingar og fagopplæring. Her overrekkjer han blomar og gratulasjonar til ordførar Magne Rommetveit, etter at Stord kommune, som einaste kommune i landet, har fått status som demonstrasjonsbedrift.

Torsdag 19. juni vitja fungerande opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld Stord kommune. Her blei han orientert om kommunen si satsing på lærlingar og fagopplæring. Fjeld gav uttrykk for at mange kommunar har mykje å læra av Stord på dette området.

Godt samarbeid
Stord kommune har gjennom mange år drive systematisk med fagopplæring. Sidan 1996 har kommunen til ei kvar tid hatt 40 lærlingar i organisasjonen.
Opplæringskoordinator Dag Foseid i Stord kommune streka under at kommunen har hatt eit fantastisk samarbeid med Fagopplæringskontoret på Stord. Utan dei hadde vi ikkje hatt slik tyngde, seier han.
Ordførar Magne Rommetveit la vekt på at satsinga på lærlingar er forankra både i den politiske og administrative leiinga i kommunen.


Totalt søkte 164 skular og 32 bedrifter om å bli demonstrasjonsskule/-bedrift. Ein jury valde ut vinnarane. Om Stord kommune seier juryen dette:

" ... Stord kommune kan vise til gode rutiner i arbeidet med lærlingene gjennom hele opplæringsløpet. Kommunen er målrettet i holdningsskapende arbeid, tar inn lærlinger på tvers av kjønnsbarrierer og etnisk bakgrunn, og har vilje og evne til å ta inn lærekandidater. Det er utviklet gode systemer for skriftlig og muntlig evaluering av læreprosessen. Planlegging og gjennomføring er overbevisende og vitner om fokus på kvalitet i alle ledd. Gjennom god utnyttelse av Leonardoprogrammet får lærlingene et videre perspektiv på faget sitt. Leonardoprogrammet er også et viktig hjelpemiddel i kommunens rekrutteringsarbeid.

50 000 kroner per lærling
Kvar demonstrasjonsbedrift vil få eit statleg tilskot på 50 000 kroner per lærling kvart år i to år, avgrensa oppover til 500 000 kroner. Det er eit krav at demonstrasjonsbedriftene skal framstå som gode førebilete for andre lærebedrifter. Stord kommune vil bruka pengane til å gjera lærlingordninga si endå betre.

Ordninga med demonstrasjonsbedrifter er ny av året, og er ei utviding av Utdannings- og forskningsdepartementet og Læringssenteret si ordning med demonstrasjonsskular.

Nils Marton Aadland

22.06.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart