Fylkesstipend til fem kunstnarar

Hordaland fylkeskommune har tildelt stipend til fem kunstnarar i fylket for 2003. Kvart stipend er på 25 000 kroner.

Stipenda er tildelt:
Kunsthandverk Anna Stina Ness, Kvam
Biletkunst Caroline Kierulf, Bergen, og Tove Tømmerberg, Bergen
Scenekunst/dans Jack Markussen, Bergen
Musikk Dag Øivind Rebnord, Bergen

Stipenda vart delte ut av leiar i komiteen for kultur og helse, Oddvar J. Jensen, under fylkestinget sitt møte på Lofthus torsdag 12. juni.

Juryen seier dette om kunstnarane:
Anna Stina Ness har hatt stor utstillingsaktivitet etter avslutta utdanning i 2001. Ho har og fleire utstillingsprosjekt framover. Porselen-sylindra og skulpturane hennar har blitt lagt merke til i inn og utland. Ho utmerkar seg som utadretta og med ei profesjonell haldning i faget.

Caroline Kierulf fekk kunstnarstipend på bakgrunn av sine poengterte biletseriar. Gjennom val av tematikk aktualiserer ho eit tradisjonelt grafisk uttrykk. I arbeida sine hentar ho inspirasjon så vel frå Munck som frå reklamesnuttar på TV. Slik lukkast ho i tankevekkjande, ofte humoristiske, kommentarar i møte mellom massekommuniserande og eliteprega biletuttrykk.

Tove Tømmerberg fekk kunstnarstipend på bakgrunn av hennar mange interiørinstallasjonar. Gjennom sine sofistikerte tapetarbeid problematiserer ho offentleg og privat sfære. Tømmerberg gir med dette eit viktig bidrag til kunstdiskursen. Ved å tilby publikum kunst utanfor dei tradisjonelle galleriromma i form av interiørdekor (tapet) oppstår også nye rom for refleksjonar.

Jack Markussen har i mange år markert seg som ein framifrå teaterarbeidar, både som scenograf, dokkemakar, tekstforfattar, dramaturg, skodespelar og produsert. I 1985 starta han opp Teatergruppen Dukkenikkerne, og frå 1995 har Jack Markussen vore kunstnarleg og dagleg leiar i denne gruppa.

Dag Øivind Rebnord er ein relativt ung musikar som også har markert seg som ein god komponist. Han har allereie ein brei og spanande produksjon bak seg. Det omfattar om lag 90 verk, fordelt på mange sjangrar so film/tv, barn, multimedia, pop/viser, pianostykke, kor m.m..

Nils Marton Aadland

25.06.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart