Vedtaket vart gjort med 42 (H, Krf, Sp, V, Frp, uavh) mot 25 røyster (Ap, SV, RV).
Fylkestinget har sagt ja til å løyva 13,3 mill. kr av kostnaden med opprustinga over sekkepostane «frie» midlar utanom Bergen i fylkesvegbudsjettet. 10 mill. kr skal dekkast ved forskottering frå BKK og kommunane Vaksdal, Voss og Modalen. 1,7 mill. kr føreset fylkestinget vert dekka av søkjarane.
Løyvinga frå sekkepostane i fylkesvegbudsjettet vert det lagt opp til skal koma tidleg i perioden 2004-11. Tidspunktet for attendebetaling av forskotteringa vil verta fastsett i samband med fylkesvegplanen for 2010-19.
Med investeringa på 25 mill. kr på strekinga Evanger-Nesheim-Modalstunnelen vil denne strekinga kunna skrivast opp til 10-tonn og 18,75 m vogntoglengde.
Mindretalet i fylkestinget (25 repr.) støtta eit forslag frå Bjørn Lothe (SV). Også dette forslaget slo fast at ein ser på den omsøkte utbetringa som eit nyttig og føremålstenleg distriktstiltak. Vidare at fylkestinget vil koma attende til tiltaket ved neste gjennomgang av fylkesvegplanen. Mindretalet ville også be regionvegsjefen i samråd med fylkesrådmannen gjennomfører nye drøftingar for å finna fram til eit alternativt finansieringsopplegg for prosjektet.
Stanley Hauge