Auka kostnadsramme for tusenårsstaden

Hordaland fylkesutval rår fylkestinget til å godkjenna forprosjektet for Kunst- og kultursenteret i Øystese, Tusenårsstaden i Hordaland, med ei kostnadsramme på 27,5 mill. kr. Men fylkesutvalet rår også til at fylkestinget skal vedta følgjande: «Dersom de

Fylkestinget har tidlegare fastsett kostnadsramma til 24 mill. kr. Kalkylen frå arkitekten viser ein byggjekostnad på 28,3 mill. kr. I denne summen ligg ein reserve på 2 mill. kr. Denne reserveposten vert no redusert.

Kostnadsramma som no vert lagt til grunn er såleis 3,5 mill. kr høgare enn tidlegare vedteke.
Finaniseringsopplegget føreset at staten går inn med 10 mill. kr, Kvam herad med 4 mill. kr og at fylkeskommunen dekkjer 13,5 mill. kr.

Fylkestinget avgjer saka 11.-12. juni.

Fremskrittspartiet føreslo at fylkeskommunen skal yta 10 mill. kr til reising av tusenårsstaden, og at byggjearbeidet ikkje kan setjast i gang før prosjektet er fullfinansiert. Forslaget fekk to røyster (Frp) og fall.

Stanley Hauge

01.06.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart