Aksepterer ikkje nedprioritering av E39 gjennom Hordaland

Hordaland fylkesting godtek ikkje at Vegdirektoratet nedprioriterer investeringane på E39, kyststamvegen, i Hordaland i 2003, og ber om at etterslepet blir retta opp.Reaksjonen frå fylkestinget kjem i samband med forslaget til riksvegbudsjett for 2004. Et

Fylkestinget strekar under at E39 er eit svært viktig vegsamband i nord-sør transportkorridoren for innbyggjarane i dei største byområda og det eksportretta næringslivet på Vestlandet. Etterslepet i faktiske løyvingar til E39 Kyststamvegen må rettast opp for å kunne utvikla transportkorridorar ut av landet utanom Oslo-området slik Stortinget har lagt opp til i Nasjonal transportplan 2002-2011.

Fylkestingert har vidare desse merknadene til regionvegsjefen sitt forslag til riksvegbudsjett for 2004:

Dersom det er aktuelt med investeringar innanfor Bergensprogrammet i 2004 utover det som ligg til grunn for regionvegsjefen sitt budsjettforslag, går fylkestinget inn for at dette vert finansiert med udisponerte bompengeinntekter i Bergen.
Fylkestinget går inn for oppstart av Rv 550 Agaparsellen i 2004 også ved ein eventuell reduksjon i den fylkesfordelte ramma. Ein slik reduksjon må dekkast inn ved utsetting av tiltak innanfor postane gang- og sykkelvegar og mindre utbetringar både innanfor Bergensprogrammet og fylket elles. Fylkestinget tek dei regionvise marginalvurderingane på det øvrige riksvegnettet til orientering, og vil understreke at fylkeskommunen sine prioriteringar på dette vegnettet er avgrensa innanfor den enkelte fylkesfordelte riksvegramme.
Fylkestinget er ikkje samd i Vegdirektoratet sitt forslag til marginalprosjekt på stamvegnettet. Fylkestinget vil vise til det store etterslepet av investeringar på E39 Kyststamvegen, og går inn for at alle marginalprosjekt på denne vegstrekninga vert prioritert øvst ved eventuell auke i ramma for stamveginvesteringane.
Fylkestinget held fast ved at tidlegare vedtak om å få til ei forskotteringsordning med udisponerte bompengemidlar frå bomringen i Bergen til oppstart av Eikås-tunnelen på E 39 i Åsane.

Fylkestinget sitt vedtak:
«Hordaland fylkesting er uroa over at løyvingane til samferdsleformål heller ikkje i 2004 vil stå i samsvar med rammene i handlingsprogrammet for Nasjonal Transportplan 2002-2005.

Fylkestinget har og merka seg at etterslepet etter 3 år i planperioden 2002-2005 utgjer 113 mill. kr. på riksvegane og 250 mil. kr. på stamvegane i fylket. Dette har som konsekvens at fleire prosjekt innan riks- og stamvegar, trafikk- og rassikringstiltak samt tiltak for kollektivtrafikken ikkje kan iverksettjast slik som føresett i Nasjonal Transportplan 2002-2005.

1. Fylkestinget sluttar seg i hovudsak til regionvegsjefen sitt forslag til riksvegbudsjett for 2004.

2. Dersom det er aktuelt med investeringar innanfor Bergensprogrammet i 2004 utover det som ligg til grunn for regionvegsjefen sitt budsjettforslag, går fylkestinget inn for at dette vert finansiert med udisponerte bompengeinntekter i Bergen.

3. Fylkestinget kan ikkje akseptere Vegdirektoratet si nedprioritering av investeringar på E39 Kyststamvegen i Hordaland i 2003. Fylkestinget vil understreke at E39 Kyststamvegen er eit svært viktig vegsamband i nord-sør transportkorridoren for innbyggjarane i dei største byområda og det eksportretta næringslivet på Vestlandet. Etterslepet i faktiske løyvingar til E39 Kyststamvegen må rettast opp for å kunne utvikle transportkorridorar ut av landet utanom Oslo-området slik det er lagt opp til i Innst.S.nr. 119 (2000-2001) om Nasjonal transportplan 2002-2011.

4. Fylkestinget sluttar seg til regionvegsjefen sitt opplegg for bruk av kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift.

5. Fylkestinget går inn for oppstart av Rv 550 Agaparsellen i 2004 også ved ein eventuell reduksjon i den fylkesfordelte ramma. Ein slik reduksjon må dekkast inn ved utsetting av tiltak innanfor postane gang- og sykkelvegar og mindre utbetringar både innanfor Bergensprogrammet og fylket elles.

6. Fylkestinget tek dei regionvise marginalvurderingane på det øvrige riksvegnettet til orientering, og vil understreke at fylkeskommunen sine prioriteringar på dette vegnettet er avgrensa innanfor den enkelte fylkesfordelte riksvegramme.

7. Fylkestinget er ikkje samd i Vegdirektoratet sitt forslag til marginalprosjekt på stamvegnettet. Fylkestinget vil vise til det store etterslepet av investeringar på E39 Kyststamvegen, og går inn for at alle marginalprosjekt på denne vegstrekninga vert prioritert øverst ved eventuell auke i ramma for stamveginvesteringane.

8. Fylkestinget held fast ved at tidlegare vedtak om å få til ei forskotteringsordning med udisponerte bompengemidlar frå bomringen i Bergen til oppstart av Eikås-tunnelen på E 39 i Åsane.»

Vedtaket var samrøystes for punkta 1-7, medan punkt 8 vart vedteke med 35 mot 32 røyster. Eit forslag frå Bjørn Lothe (SV) og Bente Bondhus (Sp) om tillegg til punkt 3 og 7 fall mot 18 og 19 røyster.

Stanley Hauge

11.06.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart