Aksepterer ikkje nedprioritering av E39 gjennom Hordaland

Komite for miljø og samferdsel aksepterer ikkje at Vegdirektoratet nedprioriterer investeringane på E39, kyststamvegen, i Hordaland i 2003, og ber om at etterslepet blir retta opp.

Reaksjonen frå komiteen kjem i samband med forslaget til riksvegbudsjett for 2004. Etterslepet utgjer 113 millionar kroner på riksvegane og 250 millionar kroner på stamvegane i Hordaland.

Komiteen understrekar at E39 er eit svært viktig vegsamband i nord-sør transportkorridoren for innbyggjarane i dei største byområda og det eksportretta næringslivet på Vestlandet. Etterslepet i faktiske løyvingar til E39 Kyststamvegen må rettast opp for å kunne utvikle transportkorridorar ut av landet utanom Oslo-området slik Stortinget har lagt opp til i Nasjonal transportplan 2002-2011. Komiteen har vidare desse merknadene til regionvegsjefen sitt forslag til riksvegbudsjett for 2004 Dersom det er aktuelt med investeringar innanfor Bergensprogrammet i 2004 utover det som ligg til grunn for regionvegsjefen sitt budsjettforslag, går komiteen inn for at dette vert finansiert med udisponerte bompengeinntekter i Bergen.

Komiteen går inn for oppstart av Rv 550 Agaparsellen i 2004 også ved ein eventuell reduksjon i den fylkesfordelte ramma. Ein slik reduksjon må dekkast inn ved utsetting av tiltak innanfor postane gang- og sykkelvegar og mindre utbetringar både innanfor Bergensprogrammet og fylket elles. Komiteen tek dei regionvise marginalvurderingane på det øvrige riksvegnettet til orientering, og vil understreke at fylkeskommunen sine prioriteringar på dette vegnettet er avgrensa innanfor den enkelte fylkesfordelte riksvegramme.

Komiteen er ikkje samd i Vegdirektoratet sitt forslag til marginalprosjekt på stamvegnettet. Fylkestinget vil vise til det store etterslepet av investeringar på E39 Kyststamvegen, og går inn for at alle marginalprosjekt på denne vegstrekninga vert prioritert øvst ved eventuell auke i ramma for stamveginvesteringane.

Komiteen held fast ved at tidlegare vedtak om å få til ei forskotteringsordning med udisponerte bompengemidlar frå bomringen i Bergen til oppstart av Eikås-tunnelen på E 39 i Åsane.

Saka går vidare til fylkesutvalet og fylkestinget 11.-12. juni

Bjarte Brask Eriksen

07.06.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart