Komite for miljø og samferdsel i Hordaland aksepterer ikkje at nattoga på Bergensbanen vert lagde ned. I ei fråsegn seier komiteen at slik nedlegging vil svekka fjerntogtilbodet og bidra til dårlegare reisetilbod mellom dei to største byane i landet.
Fråsegna lyder slik:
"Komité for miljø og samferdsel i Hordaland fylkeskommune kan ikkje akseptere framlegget om at nattoga på Bergensbanen vert lagde ned frå 1. januar 2004. Ei slik nedlegging vil svekka fjerntogtilbodet og bidra til dårligare reisetilbod mellom dei to største byane i landet og for dei som bur langs Bergensbanen samt for turistnæringa i Noreg.
Komiteen vil og minna om at framlegget er i sterk motstrid til dei uttalte politiske målsettingane om overføring av transport frå veg til bane. Komiteen vil og vise til NTP kor det framgår at prioritering av jernbane gir og god samfunnsøkonomisk lønnsomhet.
Ein er og uroa over at NSBs styre har høve til å gjera vedtak i slike omfattande reiseomleggingstiltak, utan at det har vore til uttale i dei berørte fylke og regionar.
Komiteen krev difor at NSB styre ikkje gjer vedtak om nedlegging av nattoga på Bergensbanen frå 1. januar 2004."
Fråsegna er sendt til Styret for NSB AS med kopi til Samferdselsdepartementet.
Stanley Hauge