Vestlandets mann i Brussel

- Dette er drøymejobben for meg, seier Gunnar Selvik, Vestlandets mann i Brussel. Det vest-norske regionkontoret vart opna 6. mai. Og i midten av august flytter han med heile familien nedover.

Bak Vest-Norges Brusselkontor AS står dei tre fylkeskommunane, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, pluss dei åtte kommunane, Bergen, Ålesund, Austrheim, Lindås, Kvam, Fjell, Øygarden og Sund. I nærmaste framtid vil truleg fleire kommunar slutte seg til samarbeidet.

Bindeledd
Kontoret skal vere eit bindeledd mellom Vest-Noreg og Europa. Selvik skal både formidle informasjon frå EU og Brussel, samstundes som han skal marknadsføre Vest-Noreg i Brussel og EU-systemet.

Lobbyverksemd
Selvik ser på lobbyverksemd som ein viktig del av jobben.
- Vi skal vere ein døropnar for Vest-Noreg og skal markandsføre regionen som ein samarbeidspartnar overfor EU. Vi skal vere talerøret for Vestlandet. Å hjelpe næringslivet fram blir viktig. Vi kan lage opplegg slik at næringslivet kan finne marknader i Europa, seier Selvik.

Midt i smørauget
I tillegg til næringslivet har Selvik andre målgrupper som kultur, forsking og utvikling, og det offentlege.
Han skal ha kontor, midt i smørauget, som han seier, i huset der både den norske EU-delegasjonen og Eksportrådet er.
Om bakgrunnen for jobben, seier Selvik at alt han har gjort og har av erfaring smeltar saman i denne jobben. Han er utdanna i Sjøforsvaret og har gått Sjøkrigsskolen. Deretter jusstudium og arbeid utanlands, først sju år ved NATO-hovudkvarteret i Brussel, så tre år ved Efta-domstolen i Luxemburg. Det siste halvtanna året har han arbeidt med næringslivet i Bergen.
- Eg ser fram til å reise ned att til Brussel, seier Gunnar Selvik, som har sakna storbyen etter at han slutta i NATO.

Bjarte Brask Eriksen

04.07.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart