Unyanserte medieoppslag om elevinntaket

Ein del medieoppslag om elevinntaket til dei vidaregåande skulane er prega av å vera unyanserte og dramatiserande. Talet på søkjarar som står utan tilbod om plass etter førsteinntaket er i Hordaland ca. 20 % lågare enn i fjor og på landsbasis er talet om

Av dei knapt 1700 som etter førsteinntaket framleis ikkje har fått skuleplass her i fylket, er 875 søkjarar med ungdomsgaranti. Det vil seia at det er 300 færre 16-19-åringar som står utan plass no enn på tilsvarande tidspunkt i fjor. Alle dei 875 som ikkje har fått tilbod, har fått brev der dei vert bedne om å ta kontakt med Inntakskontoret.

Fylkesordførar Handeland peikar på at klassetilbodet vart justert og auka ut frå oversikta som prøveinntaket gav. Ut frå røynsle frå tidlegare år reknar fylkesordføraren med at når 2. inntaket (6. august) og 3. inntaket (14. august) er gjennomført, så vil dei som har rett på elevplass få det. Om naudsynt vil det verta oppretta fleire klassar. Alle som har rett på skuleplass, skal få tilbod om plass.

Heldigvis er situasjonen ikkje slik som ein kan få inntrykk av etter innslag i NRKs Sommeråpent og Dagblad-artiklar. Dei fleste ungdomane veit gangen i inntaket. Opplegget vi har med at alle som ikkje har fått plass kan koma til samtale ved inntakskontoret, er i denne samanheng viktig. Det gjer sitt til å dempa frykta for å stå utan plass og den enkelte får hjelp til å finna fram til tilbod dei kan koma inn på og som dei har interesse av.

Oversikt frå Læringssenteret viser at fylkeskommunane har vore flinke til å følgja opp den auka etterspurnaden etter elevplassar i vidaregåande skule. Ved førsteinntaket i år fekk nær 16.000 fleire elevar plass enn i fjor, medan talet på søkjarar i år er vel 15.000 høgare enn for eitt år sidan, seier fylkesordførar Gisle Handeland.

Stanley Hauge

25.07.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart