Søndag 19. oktober går TV-aksjonen 2003 av stabelen. I år går dei innsamla pengane til Redd Barna. Planlegginga har alt starta, og fylkesaksjonskomiteen (biletet), med fylkesmann Svein Alsaker som leiar, har hatt sitt første møte. Kommunane er i full gang

Barn får skulegang
Pengane som kjem inn frå TV-aksjonen skal gi barn skulegang. Kunnskap og skulegang er det viktigaste våpen mot fattigdom og ufridom. Med enkle midlar som er tilpassa livssituasjonen til barna der de bur, og i samarbeid med familien, lærarar og lokale styresmakter kjem mange barn til å få hjelp. Pengane frå TV-aksjonen vil mellom anna bli brukt til prosjekt i Kambodsja, Etiopia, Uganda, Nicaragua og Guatemala. I norske skular er det og mange barn som fell utanfor, og difor vil Redd Barnas anti-mobbe-prosjekt ”Ingen utenfor” motta pengar frå TV- aksjonen.
Mobilisere innbyggjarane
Fylkesaksjonskomiteen vil ta sin del av arbeidet med TV-aksjonen 2003, og eit godt resultat vil gi mange barn hjelp og framtidshåp. Komiteen vil mobilisere innbyggjarane i fylket til å gjere som tidlegare: Støtte TV-aksjonen søndag 19. oktober.