Valen Vaskeri, som er eigd av Hordaland fylkeskommune, har i løpet av kort tid inngått nye kontraktar til ein samla verdi av om lag 40 millionar kroner. Dagleg leiar Kjell Harald Høyland (bildet) fortel at vaskeriet no må utvida staben.
Valen Vaskeri har gjort avtale med Bergen kommune om levering av personaltøy til tilsette ved alle sjuke –og aldersheimar i kommunen. Avtalen inneber at vaskeriet skal levera rundt 365.000 kitlar og bukser årleg. Den nye avtalen med Bergen kommune er den største einskildkontrakten for vaskeriet gjennom tidene, opplyser Høyland.
Reforhandla kontrakt med Haugesund
I tillegg til storkontrakten med Bergen kommune, har vaskeriet reforhandla ein kontrakt om levering av alle tekstil og alt personaltøy til sjuke- og aldersheimar i Haugesund kommune.
- Dei to kontraktane, inklusiv opsjon, har ein samla verdi på om lag 40 millionar kroner. Dei nye kontraktane fører til at årsomsetnaden ved Valen vaskeri vil auka med 50 prosent. Det er i dag 20 tilsette ved vaskeriet. Talet på tilsette må aukast grunna dei nye kontraktane, men vi har enno ikkje konkludert med kor stor denne auken vil bli, seier Kjell Harald Høyland.
Betre og større produksjon
Valen Vaskeri har gjennom fleire år hatt ei stor produksjonsauke. I fjor investerte vaskeriet i nytt vaskerøyr. Det førte til at kvaliteten på heile vaskeprosessen blei betra, samstundes som kapasiteten blei dobla.

Nils Marton Aadland