Stadig fleire reiser over Stord lufthamn, Sørstokken. I juni månad reiste 3.196 passasjerar over lufthamna. Dette er ein auke på 849 passasjerar, eller 36,2 prosent i høve til same periode i fjor. Første halvår i år har 15.873 passasjerar reist over lufth

Trass i at Coast Air i juni månad reduserte frå tre til ein dagleg avgang til Oslo, kan lufthamna visa til aukande passasjertal. For å oppretthalda den positive trafikkveksten etter sommarferien, peikar leiinga ved Stord lufthamn på at det no er viktig at Golden Air aukar frekvensen på ruteflyginga si til Oslo. I samband med Statoil sitt Kristin-prosjekt på Aker Stord er det venta fleire reisande utover hausten.
Lufthamna hadde i juni månad fleire charterflygingar til utlandet. Dette stadfestar at Stord lufthamn også har eit stort potensiale for charterflyging.
Også talet på flyrørsler over Stord lufthamn viser ei positiv utvikling. Lufthamna hadde i juni månad 471 registrerte flyrørsler. Pr. første halvår i år er det registrert 2.423 flyrørsler.
Coast Air har no teke sommarferie og startar først opp med ruteflyging på strekninga Stord-Oslo-Stord 06. august. Golden Air flyg i juli og august eit redusert flyprogram med to daglege flygingar til Oslo. Frå og med 18. august er flyselskapet tilbake med normalt flyprogram.
Nils Marton Aadland