Spansk blir meir og meir populært

Interessa for å lære spansk i den vidaregåande skulen i Hordaland aukar. – For to år sidan var vi knapt 10 lærarar i fylket som underviste i spansk. No er vi meir enn 30, og mange skular har problem med å få lærar, seier spansklærar ved Bjørgvin vidaregåa

Talet spansklærarar i Hordaland har auka frå under 10 til meir enn 30 på to år: Her nokre av dei: Endre T. Bjørlykke (f.v.), Anita Hopland, Turid Houge, Ana Almansa (ved den spanske ambassaden i København), Kjersti Knarvik, Maria S. Olsen, Norma Ågotnes og Anne-Lene Iversen.

Mens spansk er i framgang, er det mindre interesse for språk som fransk og tysk.
- Spansk er det nest største verdsspråket etter engelsk. 400 millionar menneske over heile verda snakkar spansk, seier Olsen. Den auka interessa for spansk i Hordaland, har ført til at den spanske ambassaden i København for første gong har lagt eit seminar over to dagar for spansklærarar til Bergen. Det samla 65 deltakarar frå heile landet.

Oppdatering
- Vi ønskjer å skulere spansklærarar og oppdatere dei på kultur, språk og utviklinga elles i landet. Det er no 15 år sidan spansk kom som fag i den norske skulen. Med den nye reforma på 1990-talet må elevane ha to framandspråk i ungdomsskulen. Det vart ei døropnar for spansk. Dei siste fem åra har talet elevar som lærar spansk i den norske skulen auka med over 50 prosent, fortel Ana Almansa ved den spanske ambassaden i København.

Viktig kontakt med andre
Ein av spansklærarane på seminaret, Vikky Mellum, meiner det er viktig med slike seminar.
- Vi lærer korleis vi skal bruke språket og forskjellane i kulturen mellom Noreg og Spania. Dessutan får vi kontakt med andre spansklærarar og formidlar røynsler, seier Mellum.
- På mange skular er det berre éin spansklærar, så det er viktig å kunne møtast på slike seminar, seier Olsen som tok initiativet til seminaret i Bergen.

- Eg har tidlegare vore på liknande seminar i Oslo. På det siste seminaret der tok eg opp med den spanske ambassaden om vi ikkje kunne få til eit seminar i Bergen, seier Olsen.
Ambassaden skipar til eitt til to slike seminar i året her i landet.

Bjarte Brask Eriksen

02.07.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart