Nytt seminar om offentlege servicekontor

Torsdag 4. september blir det nytt seminar i Bergen om dei rette grepa i utvikling av offentlege servicekontor. Seminaret går av stabelen på Bergen Kongress Senter frå klokka 9.00 til 15.00 og er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen

Seminaret har bakgrunn i fylkesplan for Hordaland 2001-2004 der det er foreslått prosjekt med føremål å leggje tilrette for brukarvenlege offentlege tenester gjennom samarbeid, offentleg servicekontor (OSK) og bruk av informasjonsteknologi.

Brei samordna offentleg innsats
Målet med servicekontor er å skape brei samordna offentleg innsats på tvers av sektorar, for å medverke til serviceutvikling og oppretthalding av offentlege funksjonar og tenester i lokalsamfunnet.

Klar, ferdig, gå
Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og KS Hordaland har inngått samarbeid om tre seminar om teamet under tittelen ”Klar, ferdig gå”. Dette er det andre seminaret i rekka. Det første var 15. mai og det neste blir 20. november 2003.

Ønskje og innspel frå deltakarane
Målgruppe for seminara er kommunar og statsetatar. På det andre seminaret ”Ferdig” skal Roald Grimsø, Høgskulen i Sogndal fortelje om kva kompetanse vi vil ha i eit offentleg servicekontor. Vi får høyre om etablering av felles kultur ved Årstad servicesenter, ved leiar av senteret, Arne Ramstad.
Astrid Toft i Kommunenes Sentralforbund, Hordaland, tek for seg kvalitet og brukarperspektiv, mens Kjersti Spångberg i Statskonsult har sett på brukarundersøkingar og malar. Innimellom blir det gruppearbeid og gruppediskusjonar. Programmet er basert på innspel og ønskje frå deltakarane på det første seminaret.

Programansvarlege er Hilde R. Indresøvde, Hordaland fylkeskommune, Astrid Toft, KS Hordaland og Ingvild Hjelmtveit, Fylkesmannen i Hordaland.

Påmeldingsfristen er 22. august 2003.

Nærmare opplysingar og påmeldingsskjema

I siste nummer av ”Informasjon på tvers 1-2.03”, kontaktbladet til Statskonsult, har det første seminaret fått brei omtale over to sider. (PDF-fil)

Bjarte Brask Eriksen

23.07.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart