Nordhordlandbrua kan bli nedbetalt i 2005

Nordhordlandsbrua kan bli nedbetalt innan utgangen av 2005. Årsaka til dette er sterkt reduserte rentekostnader og ein jamn trafikkvekst. Tidlegare prognosar tilsa at brua ville vera nedbetalt i løpet av 1. kvartal 2006.

Sidan Nordhordlandsbrua opna for trafikk 22. september 1994 har trafikken auka kvart år.
Heile 1.604.023 køyretøy køyrde over brua første halvår i år. Det er ein auke på 4,1 prosent i høve same periode i fjor. I juni var trafikken 315.774 passeringar, noko som gir eit snitt på 10.526 køyretøy pr. døger.
Fredag 6. juni blei det sett ny trafikkrekord over brua. Denne dagen passerte 13.728 køyretøy over Nordhordlandsbrua.

Det er i første rekkje det nye låge rentenivået som fører til at Nordhordlandsbrua kan nedbetalast tidlegare enn det ein har rekna med til no.
Den 30. juni blei det gamle obligasjonslånet på 350 millionar kroner innfridd. Renta på dette lånet var på 5,32 prosent. Det er no tatt opp to nye lån på til saman 280 millionar kroner. Renta på desse låna er på 3,35 prosent ( 50 millionar kroner med forfall 30. desember 2003) og 3,33 prosent (230 millionar kroner med forfall 30. juni 2004).

Då Nordhordlandsbrua blei opna i 1994, la ein til grunn ein prisauke på køyretøy på 4 prosent pr. år, men prisen for å kryssa brua har vore uendra heilt fram til no. Det ligg heller ikkje føre planar om å auka takstane.

Nils Marton Aadland

10.07.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart